Bakgrunn
Eg er utdanna interiørarkitekt og møbeldesignar frå Kunsthøgskulen i Bergen, og dreiv lenge verksemd innan feltet. Eg er fødd og oppvaksen i møbelbygda Sykkylven og har røter i eit miljø med handverkstradisjonar og moderne design. I ettertid har eg arbeidd for fleire anleggsgartnarar, og i 2021 tok eg gartnarutdanning. Dei to felta som kombinerer ute- og innerommet, er interessante å utforme. Tanken er å skape gode rom i hagen, for plantane og for folka.
